Nordn vart opptenkt under ein frokost på eit enkelt hotell i Thamel, Kathmandu — eit mekka for turutstyr og reiseselskap som skal utforske Himalaya.
Filosofien er enkel: utstyret skal vere ultralett, minimalistisk og funksjonelt. Mykje av inspirasjonen kjem frå utstyr eg sjølv har brukt på lengre turar, mellom anna Norge på langs. Ultralett utstyr fungerer best i godt vêr, og tanken er at ein skal ha så lett sekk at ein enkelt kan nå næraste hytte eller ly om forholda krev det.
Eg håpar at lett utstyr kan opne dørene for fleire. Har du eit dårleg kne, rygg eller liknande, kan det vere umogleg å bere 15–20 kg på tur — men kanskje 5–10 kg gjer turen mogleg. Ein lettare ryggsekk kan bety meir tid ute på fjellet for fleire menneske.
I 2026 starta eg aksjeselskapet TEAM NORDN AS. Etter nesten to år med prototypar, materialetesting og utforming er hovudproduktet endeleg klart: ein ultralett ryggsekk på rundt 37 liter med lommer på alle praktiske flater, og skulderstropper med plass til flasker, mat og mobiltelefon. Sekken er designa for sommarturer der du treng plass til telt, sovepose og kokeutstyr.
I tillegg lagar vi anna fjellutstyr som lakenpose, bivuak/vindsekk og meir. Vi nyttar moderne materiale som Ripstop Nylon, Dyneema Cuben Fiber og Polyester — stort sett importert frå USA og Europa — og alt vert sydd saman her på Vestlandet.
Håpar du finn noko du kan bruke på din neste tur. Ikkje nøl med å ta kontakt om du har ønskjer eller ynskjer modifikasjonar på utstyret.
— Erlend Danielsen, april 2026
