Kjøpsvilkår for Teamnordn.com


1. Avtalen

Avtalen består av desse salgsbetingelsane, opplysningar gitt i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane går det som særskilt er avtalt mellom partane føre, så framt det ikkje strir mot ufråvikeleg lovgiving.

Avtalen vil i tillegg bli utfylt av relevante lovføresegner som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar.


2. Partane

Seljar: Firmanamn: TEAM NORDN AS Adresse: Leknesvegen 209, 5915 Hjelmås E-post: teamnordn@erlnd.net Tlf: 41 50 82 51 Organisasjonsnummer: 937 303 076

Kjøpar er den forbrukaren som gjennomfører bestillinga, og vert i det følgjande omtalt som kjøpar/kjøparen.


3. Pris

Den oppgitte prisen for vara og tenestene er den totale prisen kjøpar skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Ytterlegare kostnader som seljar ikkje har informert om før kjøpet, skal kjøpar ikkje bere.


4. Avtaleinngåing

Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har sendt si bestilling til seljaren. Avtalen er likevel ikkje bindande viss det har førekome skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren i bestillingsløysinga eller i kjøparens bestilling, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det låg føre ein slik feil.


5. Betaling

Kjøparen kan betale med følgjande betalingstenester:

  • Vipps
  • Google Pay (Visa & Mastercard)

Kortet/kjøpesummen vert belasta same verksemddag som ordren vert lagt inn.


6. Levering

Levering har skjedd når kjøparen, eller hans representant, har overteke produktet. Viss ikkje leveringstidspunkt går fram av bestillingsløysinga, skal seljaren levere vara til kjøpar utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter bestillinga frå kunden. Vara skal leverast hos kjøparen med mindre anna er særskilt avtalt mellom partane.

Estimert leveringstid: 7 dagar.


7. Risikoen for vara

Risikoen for vara går over på kjøpar når han, eller kjøpars representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.


8. Angrerett

Ved heving av kjøp viser vi til angrerettlova. Vi skal ha beskjed om heving av kjøpet innan 14 dagar etter at du har mottatt ordren. Lenke til angrerettskjema finn du i ordrestadfestingsmailen. Vi føretrekk likevel at du nyttar vårt eige online-skjema.

For full tilbakebetaling må vara leverast tilbake ubrukt, inkludert alt innhald og original emballasje. Dersom produktet vert levert tilbake mangefullt eller skadd, vil det verte trekt eit beløp i høve til det verditapet skaden eller manglane utgjer. Kjøpar er ansvarleg for returfrakta og sjølve transporten.


9. Forsinking og manglande levering – kjøparens rettar og frist for å melde krav

Dersom seljaren ikkje leverer vara eller leverer ho for seint i høve til avtalen, og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøparens side, kan kjøparen i medhald av forbrukarkjøpslova kapittel 5 etter omstenda halde kjøpesummen tilbake, krevje oppfylling, heve avtalen og/eller krevje erstatning frå seljaren.

Ved krav om mishaldssanksjoner bør meldinga av bevismessige grunnar vere skriftleg (til dømes e-post).

Oppfylling: Kjøpar kan halde fast ved kjøpet og krevje oppfylling frå seljar. Kjøpar kan likevel ikkje krevje oppfylling dersom det ligg føre ei hindring som seljaren ikkje kan overvinne, eller dersom oppfylling vil medføre så stor ulempe eller kostnad for seljar at det står i vesentleg misforhold til kjøparens interesse. Skulle vanskane falle bort innan rimeleg tid, kan kjøpar likevel krevje oppfylling. Kjøparen tapar retten til å krevje oppfylling om han eller ho ventar urimeleg lenge med å fremje kravet.

Heving: Dersom seljaren ikkje leverer vara på leveringstidspunktet, skal kjøparen oppmode seljar til å levere innan ein rimeleg tilleggsfrist. Dersom seljar ikkje leverer innan tilleggsfristen, kan kjøparen heve kjøpet. Kjøpar kan likevel heve kjøpet umiddelbart viss seljar nektar å levere vara.

Erstatning: Kjøparen kan krevje erstatning for lidt tap som følgje av forsinskinga, med mindre seljaren godtgjer at forsinskinga skuldast hindring utanfor seljarens kontroll.


10. Mangel med vara – kjøparens rettar og reklamasjonsfrist

Viss det ligg føre ein mangel ved vara, må kjøpar innan rimeleg tid etter at mangelen vart oppdaga eller burde ha vore oppdaga, gje seljar melding om at han eller ho vil påberope seg mangelen. Kjøpar har alltid reklamert tidsnok viss det skjer innan 2 månader frå mangelen vart oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøpar overtok vara. Dersom vara er meint å vare vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.

Reklamasjon til seljaren bør skje skriftleg.

Retting eller omlevering: Kjøparen kan velje mellom å krevje mangelen retta eller levering av tilsvarande vare. Seljar kan likevel setje seg imot kjøparens krav dersom gjennomføringa er umogleg eller vil vere urimeleg kostbar. Retting eller omlevering skal skje innan rimeleg tid. Seljar har i utgangspunktet ikkje rett til å gjere meir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.

Prisavslag: Kjøpar kan krevje eit passande prisavslag dersom vara ikkje vert retta eller omlevert.

Heving: Dersom vara ikkje er retta eller omlevert, kan kjøparen heve kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.

Kjøpar har 14 dagars ope kjøp. Lenke til angreskjema finn du i botnen av nettsida.


11. Seljarens rettar ved kjøparens misleghald

Dersom kjøparen ikkje betalar eller oppfyller dei øvrige pliktene etter avtalen eller lova, og dette ikkje skuldast seljaren, kan seljaren etter omstenda halde vara tilbake, krevje oppfylling av avtalen, heve avtalen og/eller krevje erstatning frå kjøparen. Seljaren kan òg krevje renter ved forseinka betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr ved uhenta varer.


12. Garanti

Garanti som vert gitt av seljaren eller produsenten, gir kjøparen rettar i tillegg til dei kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovgiving. Ein garanti inneber dermed ingen avgrensing i kjøparens rett til reklamasjon.


13. Personopplysningar

Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysningar er seljar. Med mindre kjøparen samtykkjer til noko anna, kan seljaren berre innhente og lagre dei personopplysningane som er nødvendige for å gjennomføre avtalen. Kjøparens personopplysningar vil berre verte utlevert til andre viss det er nødvendig for å gjennomføre avtalen, eller i lovbestemte tilfelle.


14. Konfliktløysing

Klager skal rettast til seljar innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i minnelegdom. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukartilsynet for mekling. Forbrukartilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 400 600 eller www.forbrukertilsynet.no.

Europa-Kommisjonens klageportal kan òg nyttast viss du ynskjer å inngi ei klage, særleg viss du er forbrukar busett i eit anna EU-land: http://ec.europa.eu/odr

Scroll to Top